Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Fjord bibliotek > Kven er du? > Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert

Interessa for lokalhistorie og slektsgransking er aukande. Lokalsamlinga i biblioteket er eit knutepunkt for dette i nærmiljøet og for folk flest. Her kan ein finne samla det meste av bøker, hefter og anna materiale som er gitt ut om Norddal. Det kan t.d. vere generell historie om kommunen og lokale høve, om bedrifter, lag og foreiningar, om ulukker, forlis, o.l. og om personar frå Norddal, slektshistorie og gardshistorie. Vi har også lokalavisa tilbake til 1979.

Det finst fleire årbøker for sogelag og museum som inneheld artiklar om Norddal. Du kan søke på stadnamn, personar, gardar, bedrifter, lag og foreiningar, emne m.m. i MøreRom og finne kvar artiklane står.