Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Fjord bibliotek > Kven er du? > Brukar med særskilte behov

Brukar med særskilte behov

Brukarar med særskilte behov

Folk er forskjellige, biblioteket har og tilbod til brukarar med spesielle behov.

 

Personar med lesevanskar

Biblioteket har lettlesne bøker for både barn og vaksne. Lettlestbøker for barn og unge brukast av dei aller fleste barna, ikkje berre dei som har vanskar med å lese. Desse bøkene er godt egna for dei som slit med å lese, då dei er korte, har eit enklare språk og har kortare avsnitt/kapitlar enn i andre bøker. Innhaldet er tilpassa lesarane når det gjeld alder og mogenheit, slik at dei ikkje skal oppleva bøkene som barnslege og kjedelege sjølv om språket er enkelt. Det er store variasjonar i vanskegrad når det gjeld lettlestbøker, så berre spør om du er usikker. 

 

Når det gjeld lettlesne bøker for vaksne har vi to kategoriar. Nokre bøker har eit enkelt språk, mens innhaldet ikkje er tilpassa på nokon måte. Andre bøker har både eit enkelt språk og enkelt innhald. Desse bøkene er egna for personar med psykisk utviklingshemming.

Her finn du dei lettlesne bøkene for vaksne

 

Personar med syns- og hørselshemming

Biblioteket har ei stor samling med lydbøker både for barn og vaksne.

Vi har og ei lita samling med storskriftbøker for vaksne, men det kjem desverre ikkje nye bøker i denne storskrift-serien. Spør i skranken om hjelp til å finne fram til slike bøker.