Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

VAKSNE

GRATIS EBØKER:

eBokBib

  • Dette er e-bokløysinga vi har i Møre og Romsdal. E-bok- og lydbokfiler blir kjøpt inn til bruk for alle biblioteka i fylket, og kvart bibliotek bidreg med ein viss prosent av bokbudsjettet kvart år. I denne situasjonen, der biblioteka er stengde, legg dei fleste nokre ekstra kroner i potten som gjer det mogleg med større innkjøp.
  • Last ned appen eBokBib frå App Store eller Google Play. Logg inn med lånarnummer og 4-sifra pinkode. Lånarnummeret står under strekkoden på lånekortet. På nasjonalt lånekort startar nummeret med N og 2x0 (null, ikkje bokstaven o), på dei lokale lånekorta startar det med NO-2153200 (og ditt unike nummer). Ta kontakt med oss på Messenger eller sms til 90799245 dersom du ikkje har pinkode eller får andre problem, så fiksar vi det raskt. Søk opp og lån!

 

Nasjonalbiblioteket  
Her finn du alt som er utgitt i Noreg, og det meste som er utgitt før 2000 ligg ope tilgjengeleg for alle norske IPadresser. Bøkene lesast direkte på nett, inga innlogging eller nedlasting er naudsynt.

Tips frå samlinga: meir enn førti utgåver av «Tommy og Tigern» tilgjengelig i nettbiblioteket 

 

Bokselskap er ein e-bokportal utvikla av Det norske språk- og litteraturselskap (NSL). Nettstedet vil sikre at framtidige generasjonar får tilgang til bevaringsverdig litteratur gjennom eit bibliotek av digitaliserte bøker. Dette gjeld norske tekstar som har falt i det fri, dvs. tekstar av forfattarar som har vore daude i minst 70 år, eller tekstar som rettigheitshavar har gitt løyve til å publisere. Pr d.d. tilbyr bokselskap.no lesetekstar på nett og nedlastbare e-bøker i fire format (epub, mobi, html og pdf), og har 312 ebøker til gratis nedlastning – i mange sjangrar.

 

Prosjekt Gutenberg er det største digitaliserte biblioteket i verda. Her finn du klassikarane - frå litterære storkanonar til bestseljarar som har gått i gløymeboka. Gutenberg er internasjonalt retta, med overvekt av engelsk og andre større europeiske språk. Bøkene kan lastast ned i mange ulike format, enten du har pc, mobil eller lesebrett, men kan også lesast direkte på nett.

Open Library som ligg under Archive.org, har scanna og digitalisert litteratur frå engelsk språkområde (først og framst USA) opp til 2000-talet. Her kan du sjølv lage ein brukar og låne e-bøker som du enten kan lese på nett eller laste ned i beskytta PDF-utgåve, og som du får ha i 14 dagar. Du finn også bøker der copyrighten er utgått, og desse kan fritt lesast og lastast ned også utan brukar.

Archive.org har i tillegg digitalisert enorme mengder av amerikanske medier, frå musikk og radioprogram til fagtidsskrift og aviser, og driv også Wayback Machine som tek vare på gamle nettsider.

Verdensbiblioteket er drive av Nasjonalbiblioteket, og har bøker og lydbøker på arabisk, bosnisk/kroatisk/serbisk, tigrinja, tyrkisk, persisk, og somali. Her er det og mange barnebøker.
For å bruke Verdensbiblioteket treng du berre å lage brukarnamn og passord (du kan ikkje bruke lånekortet).

 

FILMTILBOD:

Gjennom Filmbib får ein gratis tilgang til ei rekke norske kort- og dokumentarfilmar. Det er ei unik samling av kortfilmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Her er også historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir. Du kan sjå filmene på egien MAC/PC, nettbrett eller telefon. For å bruke tjenesten må du laste ned appen Filmbib frå App Store eller Google Play, og ha eit nasjonalt lånekort. Pålogging skjer ved bruk av lånenummer og pinkode tilknytta lånekortet. Ta kontakt på Messenger eller 90799245 om du treng hjelp.

Følg Filmbib på Facebook: https://www.facebook.com/filmbib

 

PODKAST FRÅ BIBLIOTEK: 

BOBcast – Her kan du høyre podkast frå Bergen Offentlige Bibliotek. Dei legg ut opptak frå nokre av samtalane og foredraga dei har i programmet sitt i Soundcloud.

 

UTSTILLINGAR:

Med Google Arts & Culture kan du beøske utstillingar, zoome inn på kunst og sjå på tusenvis av historier, bilde, videoar og manus. 

 

STENGT I SAMBAND

MED KORONAUTBROTET

Opningstider elles:

Måndag  13.00 - 19.00
Tysdag  10.30 - 15.30
Onsdag  10.30 - 15.30
Torsdag  13.00 - 19.00
Fredag  10.30 - 15.30

Kontakt

Tlf.: 70 18 80 90
Fax: 70 18 80 01
Epost: biblioteket@giske.kommune.no

Kart