Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

BARN

Billedbokhylla.no Her kan du søke etter forfattar, tittel og emner, eller du kan bla deg gjennom lista over dei 837 bildebøkene som er digitalisert pr. 17. mars 2020. Mange kjente og kjære klassikarar!

Dessverre er det ikkje så god bildekvalitet i alle dei digitale versjonane. Dei som arbeider med dette, regner med at dei dårlege filene vil bli forbedra, men mens vi ventar, har dei laga ei eiga liste over dei bøkene ein mener har god digital kvalitet.

 

Nynorsksenteret har mange gode nettbaserte ressursar:

  • Her finn du teikneseriestriper og sider som syner noko av det mangfaldet som finst i den nynorske teikneserieverda. Alle seriane er tilgjengelege som PDF-ar til utskrift 
  • Berte og Iver-sidene inneheld språkstimulerande aktivitetar tilpassa dei eldste i barnehagen og dei yngste i barneskulen. Borna kan leike, improvisere og eksperimentere med rim, språklydar, staving og ord, sjå animasjonsfilmar på nynorsk og spele spel.

GAN Aschehoug har gjort sitt digitale lettles-bibliotek «BOKBUSSEN» gratis tilgjengeleg (i første omgang fram til 15. april). 

  • Bokbussen RØD (1.–2. trinn): 48 lettlesne bøker til 1 og 2 trinn. Variert innhald.
  • Bokbussen FAKTA (3.–4. trinn): 20 lettlesne faktabøker for dei litt meir erfarne lesarane. Variert innhald. Oversatt til 6 språk.

 

Gratis Brillebjørn-lydbok med teksten i pdf-format, rett frå raus forfattar Ida Jackson: "Brillebjørn er hjemme fra barnehagen selv om han ikke er syk" er ei bonus-lydbok som handlar om Corona-virus og heimekontor.

 

Verdensbiblioteket er drive av Nasjonalbiblioteket. Her finn ein (i tillegg til vaksenlitteratur) bøker og lydbøker for barn på arabisk, bosnisk/kroatisk/serbisk, tigrinja, tyrkisk, persisk, og somali. For å bruke Verdensbiblioteket treng du berre å lage brukarnamn og passord (du kan ikkje bruke lånekortet).

 

Aftenposten Junior har opna for at barn skal få lesetrening og nyhende på eigne premiss i ei vanskeleg tid

Salaby er eit digitalt læremiddel frå Gyldendal, utvikla med støtte frå UDIR. Mange gode tips til aktivitetar og læring. Tilbodet er opna for fri bruk inn til vidare.

Nysgjerrigper er Forskningsrådets tilbod til barn og unge, og spesielt for elevar og lærarar i barneskulen. Her kan du finne oppskrifter på eksperiment ungane kan gjere heime.

 

STENGT I SAMBAND

MED KORONAUTBROTET

Opningstider elles:

Måndag  13.00 - 19.00
Tysdag  10.30 - 15.30
Onsdag  10.30 - 15.30
Torsdag  13.00 - 19.00
Fredag  10.30 - 15.30

Kontakt

Tlf.: 70 18 80 90
Fax: 70 18 80 01
Epost: biblioteket@giske.kommune.no

Kart