Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Giske folkebibliotek > Om biblioteket > Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Når er biblioteket ope? Her finn du opningstidene våre

Har de trådlaust internett? Ja. Sjå internett- og pc-reglar her

Har de pc for publikum? Vi har 3 pc-ar for publikum der ein også kan skrive ut dokument, mot kr. 1 pr.side 

Kva aviser har biblioteket? Vi får Sunnmørsposten og Vårt Land kvar dag, og Dag og Tid, og Øyblikk kvar torsdag. Nytt i uka kjem kvar onsdag

Kor mange bøker kan eg låne? Du får låne så mange bøker, lydbøker, DVD-ar og spel som du vil.

Er lånekort gratis? Ja, lånekort er gratis og alle kan få lånekort frå dei har byrja i fyrste klasse. Om du skulle miste lånekortet ditt kan du få eit nytt.

Kostar det å låne noko? Det er gratis å låne, men om du ikkje leverer materialet etter at du har motteke tre purringar, må du betale eit erstatningsgebyr pr. bok/lydbokdvd/spel.

Kor lang er lånetida? Lånetida for dei ulike medietypane er forskjellige. Sjå lånereglane her for fullstendig oversikt.

Kostar det når biblioteket bestiller inn bøker til meg frå andre bibliotek? Nei, vi låner inn det du treng frå andre bibliotek gratis.

Finst det eit rom på biblioteket der ei studiegruppe kan sitte? Nei, vi har ikkje studierom. Det er møterom på rådhuset som de kan låne. Ring Servicekontoret i kommunen, tlf. 70 18 80 00 for å avtale tid.

Har de kopimaskin for publikum? Ja, om du treng å kopiere eller scanne noko hjelper vi deg med det. Om du skal skrive ut noko frå publikumspc-ane kontaktar du berre personalet, så hjelper vi deg. Prisar for kopiar er: kr. 1 for A4  i svart/kvitt, kr. 2 for A4 i fargar, kr. 2 for A3 i svart/kvitt og kr. 4 for A3 i fargar.

Har biblioteket scanner?  Ja, du kan få scanna og sendt til din eigen e-post.

Er biblioteket tilgjengeleg for rullestolbrukarar?  Ja, vi har heis og rampe slik at rullestolbrukarar lett kjem seg inn og ut. Då må ein bruke hovudinngangen på sørsida av Rådhuset.

Opningstider:

Måndag 13.00 - 19.00
Tysdag 10.30 - 15.30
Onsdag 10.30 - 15.30
Torsdag 13.00 - 19.00
Fredag 10.30 - 15.30

Kontakt:

Tlf.: 70 18 80 90
Epost: biblioteket@giske.kommune.no

Kart