Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Aktuelt

Biblioteket ope for besøk

Frå måndag 15. juni kl. 13 får vi opne dørene igjen for våre lånarar! Og SOM vi har sakna dykk!

Bøker for ferske lesarar

Barn som har knekt lesekoden eller er i ferd med å gjere det, treng tilrettelagt og motiverande lesestoff for å fortsetje lesinga. Ta ein titt her:
Leseløver frå Cappelen Damm
Leselandserien frå Samlaget
Bokbussen frå GAN Aschehoug

Ny e-bokapp i fylket

Frå 25. mai blir appen eBokBib erstatta av BookBites. Dei som allereie er brukarar av eBokBib vil få ei pushmelding med rettleiing om korleis dei kn "flytte over". Reserverte bøker blir med over i BookBites, mens påbegynte bøker må leseast ferdig i eBokBib. Nye lånarar treng lånekort og pinkode frå biblioteket - ta kontakt!

Det blir påskekrim frå biblioteket!

Kommuneoverlegen seier ja til "Drive-through" eller "Takeaway-bibliotek"! Du kan bestille bøker til både vaksne og barn (ikkje berre krim, sjølvsagt), vi gjer klar og lånar ut, de hentar bokpakkane til avtalte tider utanfor biblioteket (klikk på bildet for meir info)

Bokslepp!

Gå ikkje glipp av lanseringa av Ina Giske si barnebok "Sjøhesten Hippo og plasten i havet" på biblioteket torsdag 19. desember kl. 18.00!

Kunstutstilling

Tradisjonen tru er biblioteket åstad for utstilling av verka kunstelevane ved kulturskulen har arbeidd med i haust. Utstillinga står til 17.12.

Foredrag om Martin Linge

Få med deg foredraget om den nye biografien om Martin Linge onsdag 18.12. kl. 18.00. Forfattar av biografien, Svein Linge er foredragshaldar. Sal av bok.

Biblioteket stengt i jula

Pga. ferieavvikling vil biblioteket vere stengt frå og med veslejulaftan til omg med 1. nyttårsdag.

Opningstider i sommar

Frå måndag 24. juni til og med fredag 5. august:

Måndag    13.00-19.00
Tysdag    10.30 - 15.30
Onsdag    Stengt
Torsdag    13.00 -19.00
Fredag   Stengt

Bokbad med Brit Bildøen

Vi har hatt flaks igjen! Elisabeth Kjensli Johansen som bokbada Levi Henriksen hos oss i november held kurs i bokbad i Ålesund. I samband med dette skal ho bokbade Bildøen om boka "Tre vegar til havet" for eit publikum. Takka vere rause midlar frå Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal og Folkekakademiet Giske har Giske folkebibliotek vore så heldig å få vere arena for dette arrangementet! Måndag 13. mai kl. 18 på biblioteket!

Opningstider:

Måndag 13.00 - 19.00
Tysdag 10.30 - 15.30
Onsdag 10.30 - 15.30
Torsdag 13.00 - 19.00
Fredag 10.30 - 15.30

Kontakt:

Tlf.: 70 18 80 90
Epost: biblioteket@giske.kommune.no

Kart