Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Sande bibliotek > Kven er du? > Lokalhistorisk interessert

Lokalhistorisk interessert

Interessa for lokalhistorie og slektsgransking er aukande. Lokalsamlinga i biblioteket er eit knutepunkt for dette i nærmiljøet og for folk flest. Her kan ein finne samla det meste av bøker, hefter og anna materiale som er gitt ut om Sande. Det kan t.d. vere generell historie om kommunen og lokale høve, om bedrifter, lag og foreiningar, om ulukker, forlis, o.l. og om personar frå Sande, slektshistorie og gardshistorie. Vi har også lokalavisa tilbake i tre år på papir.

Det finst fleire årbøker for sogelag og museum som inneheld artiklar om Sande. Du kan søke på stadnamn, personar, gardar, bedrifter, lag og foreiningar, emne m.m. i MøreRom og finne kvar artiklane står.

Opningstider

Måndag 10.30-18.00
Tysdag   10.30-18.00
Onsdag  10.30-18.00
Torsdag  14.00-19.00

Kontakt

Tlf.: 48 99 21 48
Epost: bibliotek@sande-mr.kommune.no