Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Fakta og dokument

Ørsta folkebibliotek vert rekna som det eldste folkebibliotek på landsbygda i Noreg.

Historikk

Ørsta folkebibliotek er det kommunale biblioteket i Ørsta på Sunnmøre. Det vert rekna som det eldste folkebiblioteket på landsbygda i Noreg.

Et frit Laane-Bibliothek

26. november 1797 kunngjorde Sivert Aarflot Plan til et frit Laane-Bibliothek i Ørstens Sogn. Sivert Aarflot var bondegut frå Ørsta og var frå ungdomen av oppteken av å få kunnskap ut til folk. Han gav 84 av sine eigne bøker til biblioteket som han fekk i gong på heimegarden Aarflot. Han opplevde at folk lånte bøkene og søkte kongen om godkjenning, noko han fekk år 1800.

I 1798 vart Sivert Aarflot tilsett som lensmann i Volda. Han flytta til Ekset i1800 og heldt fram med bibliotekdrifta der. Ein av dei som gjorde seg nytte av bøkene var Ivar Aasen frå grannegarden Åsen. Sivert Aarflot døydde i 1817. Det ser ut til at utlånet minkar etter den tid, men biblioteket var i drift i 1844 då Ekset vart råka av brann og storparten av dei om lag 1000 bibliotekbøkene gjekk tapt.

Ørstens Sogns Almuebogsamling

I 1838 vedtok formannskapet i Volda/Ørsta at det ville gi stønad til kommunal bibliotekdrift.
Frå 1836 og åra framover løyvde Stortinget pengar til å bygge opp og utvikle kommunale bibliotek i landet. Folket skulle få tilgang til både religiøs og verdsleg litteratur. Ein plan for Ørstens Sogns Almuebibliotek vart vedteken av formannskap og heradstyre i 1852, men allereie i 1845, eit år etter brannen på Ekset, vart første bøkene til boksamlinga innkjøpte.

Frå 1853 er det ført kontinuerleg utlånsprotokoll. Boksamlinga vart plassert i kyrkja. Det var utlån på preikesøndagar. Økonomien var oftast skral. Det betra seg noko frå 1876, då det kom lov om statlege midlar til bibliotekdrift.

Ørstens Almuebogsamling

I tidsrommet 1867-1876 finn ein 447 lånarar i Ørsta. Det er over ein femdel av innbyggjarane .Etter at Ørsta i 1883 vart eigen kommune, vart namnet på biblioteket endra til Ørstens Almuebogsamling. I byrjinga var det mest religiøs littereratur i samlinga. Dette endra seg etterkvart og i 1900 var to tredelar verdslege bøker. I 1905 vart boksamlinga flytta frå kyrkja og vart eit bibliotek på vandring: frå butikklokale til bedehus til privathus til kommunehus.

Ørsta folkeboksamling

I desember 1940 vart Follestaddalen boksamling og Strendene boksamling slegne saman med Ørsta folkeboksamling. Dette etter påbod frå Kultur- og folkeopplysnings departementet som ein del av sentraliseringa og kontrollen til nazistyresmaktene. Dei to førstnemnde boksamlingane vart skipa rundt 1900. No vart det oppretta fire, sidan fem utlånsstader dit bokkasser vart utsende. Hausten 1940 starta styresmaktene kampanje mot såkalla ”tyskfiendtleg” litteratur, 350 bøker skulle fjernast. I Ørsta folkeboksamling sin protokoll ser ein at nokre bøker er kversette.

Ørsta folkebibliotek

I 1964 vart Ørsta kommune samanslegen med Vartdal og Hjørundfjord. No vart Ørsta folkeboksamling hovudbibliotek med sjølvstendige filialar på Vartdal, Nordre Vartdal, Barstadvik, Sæbø og Viddal og nokre utlånsstajonar. Etterkvart vart utlånsstajonane og filialen på Viddal nedlagde, seinare også filialane i Barstadvik og på Nordre Vartdal. Folkeboksamlinga i Ørsta fekk i 1972 namnet endra til Ørsta folkebibliotek og flytta i 1978 inn i det nybygde samfunnshuset, i dag Ørsta kulturhus.

Utanom hovudbiblioteket er det no to filialar, ein på Vartdal og ein på Sæbø.

Kilde: "Ørsta folkebibliotek 1797-1997 : Kunnskap og kultur i 200 år"  forfattar Eli Lannerholm

    

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

Tlf: 70 04 55 20

E-post: post@folkebiblioteket.no