Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ørsta folkebibliotek > Om biblioteket > Aktuelt > Lyrikkstund med Jan-Magnus Bruheim sine dikt

Lyrikkstund med Jan-Magnus Bruheim sine dikt

Lyrikkstund med Jan-Magnus Bruheim sine dikt

Ørsta folkebibliotek og Hildegunn Solberg Nes inviterer til lyrikkstund tysdag 11. desember, klokka 17:30.

Arrangementet er ope for alle, men høver best for dei vaksne.
 Det varer ca 45 min.
 Gratis inngong

Venelaget Jan-Magnus Bruheim har i samarbeid med Det Norske Samlaget lansert boka «Trollguten og andre dikt», eit utval av Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) sine barnedikt.

Det som er så fint med barnedikta til J.-M. Bruheim, er at dei har ein bodskap til menneska, uansett alder. Dei er tidlause og like aktuelle i dag som då dei vart skrive, dei gjev grunnlag for både oppmuntring og tankevekking. Og så er dei skrive på nynorsk.

Bruheim ynskte å auke leselysta til born gjennom skrivinga si. Han ville vise at alt som lever, sjølv det minste “krek”, er vår medskapning. Difor handlar mange av dikta om små dyr, eller små ting, som vi i vår travle kvardag ikkje ansar på. Det er gjerne fleire botnar i barnedikta. Bruheim har sagt at gleda i å oppdage er verdifull i ei tid som vår, då born og vaksne vert utsette for eit bombardement av inntrykk utanfrå, og det vert meir vanskeleg, men enno meir naudsynt å kunne samle seg om og fordjupe seg i det skrivne ordet.

Redaktør for boka Hildegunn Solberg Nes, frå Ellingsøy, kjem til Ørsta for å snakke om Jan-Magnus Bruheim og framføre dikta hans.
 Hildegunn vart kjent på Møre då ho som lita jente deklamerte dikt og spelte einmannsteater rundt omkring. Seinare har ho som lærar hatt diverse formidlingsoppdrag, og elles fått elevar til å opptre, gjerne i lag med Jan-Magnus Bruheim, når han var på besøk i klassene hennar.

Hildegunn har hatt program ved Dei Nynorske Festspela, ved Bjørnsonfestivalen og fleire gongar ved Det Norske Teatret i Oslo. Ho hadde m.a. ansvar for «Lunsj og Lyrikk» på DNT ei veke, i samband med 100-års markeringa av diktaren sin fødsel i 2014. Der viste ho òg dikt som dialog, m.a. med Morten Svartveit, kjent frå serien «Heimebane».

No har ho vore med på lanseringa av «Trollguten», først ved opninga av Diktarstien i Botnane, der Bruheim budde i sju år, og også på Diktardagane i Lom, Skjåk og Vågå.

Vi ynskjer alle lyrikkinteresserte velkomne til en fin stund på biblioteket!

 

47399576_10156429635409724_8980019275762761728_o
Del på facebook

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

Tlf: 70 04 55 20

E-post: post@folkebiblioteket.no