Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Aktuelt

Opningstider jula 2018

Her er opningstidene våre for jula 2018

Lyrikkstund med Jan-Magnus Bruheim sine dikt

Ørsta folkebibliotek og Hildegunn Solberg Nes inviterer til lyrikkstund tysdag 11. desember, klokka 17:30.

Arrangementet er ope for alle, men høver best for dei vaksne.
 Det varer ca 45 min.
 Gratis inngong

SJØRØVERØYA

Velkomne til dukketeater!!

Tysdag 6. november, klokka 17:30 inviterer Ørsta folkebibliotek til førestillinga «Sjørøverøya».

Passar for born mellom 3 og 10 år, og det er GRATIS INNGANG.

Varer i ca. 30 minutter

"Mitt Nabolag"

Fredag 5. oktober, klokka 18:00 får Ørsta folkebibliotek besøk av Christian Stejskal, ein norsk fiolinist, fotograf og historieforteljar med base i Kairo i Egypt.

(Varer i 90 minutter, inkl. pause)

GRATIS INNGANG

Førestillinga «Mitt Nabolag» er ei forteljing om hans pilegrimsferd (LES VIDARE) til fots frå hans fødeby Wien, via Jerusalem til den heilage byen Aksum i Nord-Etiopia. Undervegs på denne reisa møtte han «Zabaleenarane», kristne uoffisielle søppelarbeidarar i det såkalla «Garbage City» i Kairo.

Dei siste 5 åra har han no budd saman med «Zabaleenarane» og fotografert livet rundt seg, samstundes som han har skrive noveller frå søppelbyen, eit arbeid som har fått støtte frå «Fritt Ord» og «Stiftelsen Thomas Fearnley, Heddy og Nils Astrup». Parallelt med livet blant søppelarbeidarar har han livnært seg som fiolinist ved operaen i Kairo.
 
I si multimedieførestilling tek Christian Stejskal publikum med på ei fargerik og personleg reise frå Wien til Kairo. Han fortel sju forteljingar om sju menneskeskjebner frå søppelbyen, samstundes som han viser fotografi på ein skjerm, speler arabisk musikk og eigenkomponert musikk på fiolin.
 
«Mitt Nabolag» har i 2016-2018 vorte spelt rundt 100 gonger i ulike kulturhus, bibliotek, kyrkjer, museum og vidaregåande skular i Noreg til veldig gode kritikkar.
Hausten 2016 vart ein serie med konsertar også spelt i Skottland ved Fringe Festivalen i Edinburgh.

Nasjonal bibliotekdag 2018

Vi feirer Nasjonal bibliotekdag 1. september !!
I morga, på laurdag og på måndag gir vi bort bøker gratis.
Kom og få mange bøker som søkjer ny eigar!

Sommarlesfest 2018 :-)

Velkommen til årets Sommarlesfest !!!

Opningstider sommaren 2018

Her er opningstidene våre for sommaren 2018

Sommarles 2018

No er det klart for Sommarles. Saman med barn frå over 370 kommunar, kan alle barn i 1.-7. klasse i Ørsta kommune frå 1. juni, vere med på Noregs kulaste lesekampanje! Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av sommarferien. (LES VIDARE)

Festsprell: Snillionen

 

Arnfinn Kolerud les frå boka si Snillionen.

Høver best for born 8-12 år.

Kr 50

Opningstider 17. mai og pinse

Her er opningstidene våre for 17. mai og pinse

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

Tlf: 70 04 55 20

E-post: post@folkebiblioteket.no