Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Student

Student

Er du heiltidsstudent, nettstudent eller driv du med vidareutdanning?

Bibliotek kan vere til god hjelp til deg som studerer. Du kan gjerne kome med pensumlista di (eller sende den på e-post). Vi kan låne inn bøker til deg frå eit anna bibliotek.

Har du Nasjonalt lånekort, kan du sjølv logge deg inn i Bibsys.no, bestille og velje å hente dei på til dømes Ørsta folkebibliotek. Ver merksam på at det kan vere forskjellige innleveringsfristar på bøkene i forskjellige bibliotek.

Vi har nokre lesekrokar der du kan sitte å lese i fred og ro. Vil du kome før opningstid må du kontakte oss på førehand! Vi har og pc-ar, trådlaust internett og printar om du skulle trenge det.

Her er nokre databaser for deg som studerer: 

  • http://www.bokselskap.no/. Her finn du digitaliserte bøker som er frigitte. Skal du lese norske tekster frå perioden 1300-1910 kan du finne dei her. Kan lastast ned til pc/mac, nettbrett eller lesebrett.
  • Bokhylla.no Fann du ikkje boka på Bokselskap kan du prøve på Bokhylla.no. Der kan frigitte bøker lastast ned som PDF.  
  • http://ask.bibsys.no/ask/action/stdsearch. Alle universitets- høgskule- og fagbibliotek database. Vi kan få tak i bøker frå alle slike bibliotek. 

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

Tlf: 70 04 55 20

E-post: post@folkebiblioteket.no