Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

Hekta på slekta

Hekta på slekta?

For å kome i gong med slektsgransking er biblioteket eit godt utgangspunkt. På lokalsamlinga finst bygdebøker for kommunen og andre nærliggande kommuner, med oversikt over gardane og kven som budde der. Her finst også slektshistoriske bøker frå området. Og her finst handbøker som syner korleis du kan arbeide med slektsgransking med råd og tips for nybyrjarar. Treng du bygdebøker eller anna for å finne slekt lånar vi inn frå andre bibliotek det vi ikkje har.

 

slekt

Det finst store mengder informasjon på nettet der ein kan søke etter forfedrane sine. Biblioteket kan hjelpe deg å få ein oversikt, kome med tips til korleis du skal leite, m.m.

Dei fleste av desse digitale ressursane ligg på Digitalarkivet. Som ei første hjelp på vegen til å finne slekta di tar vi nedanfor med nokre tips frå Norsk lokalhistorisk institutt sine nettsider 

Hovudreglane for nybyrjaren er:

  • Snakk med dei levande Det er viktig å samle informasjon frå dei som enda hugsar, før det er for seint. Skriv ned alt, og hugs å notere tid, stad og kjelde. Dette er ofte eit godt grunnlag å jobbe vidare frå, særleg fordi mange av dei offentlege kjeldene ikkje er tilgjengeleg for nolevande personar. Brev, dokument og bilete gir viktige opplysningar. Ta gjerne lydopptak og bilete sjølv. Ikkje gi deg dersom du får nei – det er di eiga slekt, og du har rett til å få vite kvar du kjem frå.
  • Gå til biblioteket Skaff deg ei innføringsbok, til dømes ”Våre røtter” av Stoa og Sandberg, og bruk den som hjelpemiddel vidare. Sjekk kva som finnast av publisert materiale om slekta, garden eller området, og be biblioteket ditt skaffe deg dette, eventuelt ved innlån. Be bibliotekaren om hjelp!
  • Skaff deg eit dataprogram (DIS-Norge evaluerar programvare) Få alle opplysningar du finn på plass i programmet, og la det hjelpe deg til å halde orden på materialet, loggfør det du gjer og lag aktivitetslister. Vær nøye med å vise til kjelder, og vurder kjeldene dine kritisk. Ikkje alt er til å stole på! Sekundær- og tertiærkjelder må sjekkast med mot primærkjelder.
  • Gå til folketeljingane og kyrkebøkene Mykje av dette er digitalisert og finst på nettet, det aller meste er mikrofilma og kan lånast inn til biblioteket ditt. Hugs at det kan være feilregistreringar – dette er sekundærkjelder. Bruk også andre kjelder, som skifter og militærrullar.
  • Bruk nettverket ditt Gå til slektsforskarforeiningane og historielaga, der får du hjelp. Del med andre det du har funne - du er ein del av nettverket du og.

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

Tlf: 70 04 55 20

E-post: post@folkebiblioteket.no