Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ørsta folkebibliotek > Kven er du? > Brukar med særskilte behov

Brukar med særskilte behov

Brukar med særskilde behov

Ørsta folkebibliotek er  eit Bok til alle-bibliotek

Det vil seie at biblioteket har  tilbod til brukarar som av ulike grunnar  har

     leseproblem og treng tilrettelagde bøker for sine lesehemmingar.

Tildømes om du er

  • uvand med å lese
  • har eit anna morsmål 
  • har dysleksi 
  • andre funksjonshemminger.

 Ørsta folkebibliotek har også eit tilbod om leseombod som leser høgt for dei som ikkje sjølv kan lese.

 

Personer med lesevansker 

Lettleste bøker er spesielt godt eigna for dei som slit med å lese, men kan godt brukast av mange, ikkje berre dei spesielt lesesvake. Du finn lettleste bøker både for barn og vaksne hos oss.

Lettleste bøker er:

  • kortare
  • har enkelt språk
  • har kortare avsnitt/kapittel enn i vanlige bøker
  • ofte tilpassa til  alder og modenheit
  • har ganske store variasjonar i vanskegrad

Lettleste bøker for vaksne er av to kategoriar:

  • Bøker med enkelt språk, medan innhaldet ikkje er spesielt tilpassa på nokon måte.
  • Bøker med både enkelt språk og enkelt innhald, slik at bøkene er eigna for psykisk utviklingehemma.

I Boksøk finn du alle titlane som er støtta av Leser søker bok. Desse bøkene er garantert frie for tung tekst. Dei har og eit design som gjer tekstane lett tilgjengelege. Bøkene er merka, med logoen til Leser søker bok. 

Her finn du  lettleste bøker for vaksne

Her finn du lettleste bøker for barn

 

Syns- og hørselshemma

Ørsta folkebibliotek har eit stort utval av 

  • lydbøker  både for barn og vaksne.

Vi har ei lita samling med

  • storskriftbøker for vaksne. Det kjem dessverre ikkje ut fleire storskriftbøker.  

For synshemma barn finnes det 

  • taktile bøker (følebøker) og bøker med
  •  blindeskrift/ punktskrift

  For teiknspråkbrukarar har vi  bøker med

  •  teiknspråk(bilder av teikn) i tillegg til tekst og bilde.

Du kan bestille bøker også frå NLB (Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek). Det er eit bibliotek som produserer og låner ut lydbøker og punktskriftbøker til blinde, svaksynte og andre som har vanskar med å lese trykt tekst. Mange av NLBs lånarar har dysleksi eller andre lese- og skrivevansker. Det er gratis å låne bøker frå NLB.

Bøkene står i hylla merka med "Bok til alle"-symbolet.

Brukar med særskilde behov

Du finn både skjønnlitteratur og faglitteratur.

 

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

Tlf: 70 04 55 20

E-post: post@folkebiblioteket.no