Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ørsta folkebibliotek > Bruk biblioteket > Fjernlån og Norgeslån

Fjernlån og Norgeslån

Finn du ikkje det du vil låne i vår katalog, har du fleire alternativ:

Fjernlån og Norgeslån

Fjernlån
inneber at vi låner inn frå andre bibliotek det du er på jakt etter. Kom innom biblioteket, ta kontakt pr. telefon eller e-post for å bestille.

Norgeslån
er ei teneste der du sjølv kan bestille materiale frå bibliotek andre stader og velje kva bibliotek du vil hente det på. Du må ha Nasjonalt lånekort og pinkode for å kunne bruke Norgeslån. Slik gjer du det:

  1. Ved 0 treff ved søk i mediabasen til vårt bibliotek vil du få opp meldinga «Du kan gjere eit samsøk i alle biblioteka i Møre og Romsdal» med ei lenke til Regionalt samsøk Møre og Romsdal.  Klikk på den og skriv inn søkeordet på nytt.
  2. Når du finn det du vil ha klikkar du på tittelen og vel kva bibliotek du vil låne frå (det nærmaste biblioteket som har ledige eksemplar). Klikk på Bestill.
  3. Logg deg inn med lånekortnummeret ditt (står bak på lånekortet) og pinkoden.
  4. Du vil få beskjed på e-post, SMS eller pr. brev (alt etter kva du valde når du registrerte kortet ditt) når det du har bestilt kan hentast på biblioteket.

Du kan og søke i andre fylke sine samsøk når du ikkje finn det du søkjer i Møre og Romsdal, eller når det du ser etter har tilknyting til ein annan landsdel.

Opningstider

Måndag 12 - 19
Tysdag 12 - 19
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 19
Fredag 12 - 16
Laurdag 11 - 14

 

Kontakt

Tlf: 70 04 55 20

E-post: post@folkebiblioteket.no