Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Ørsta folkebibliotek > Bruk biblioteket

Bruk biblioteket

Biblioteket – ei verd av draum og fakta!
Bruk biblioteket

Ja, biblioteket er ei heil verd, du kan faktisk finne eit heilt univers av kunnskap på biblioteket. Og du finn alle forteljingane, sanne og oppdikta, dei gamle og dei nye, dei som gir tankane noko å tygge på og venger til draumane.

Biblioteket er meir enn bøker, meir enn utlån og innlevering. Men det også - sjølvsagt finn du bøker, lydbøker, filmar, musikk cd-ar, språkkurs og dataspel som du kan låne med deg heim. Heilt gratis.

Biblioteket er også ein stad å være, for å sitje og lese, eller berre sjå ut i lufta, og her treff du andre som likar å vere på biblioteket. Biblioteket er sjølvsagt også staden for å gjere lekser og studere, kanskje til ein mastergrad, eller kanskje studerer du slekta di, eller skal du skrive ein artikkel til lokalavisa og veit ikkje heilt kvar du skal starte?

På biblioteket er det bibliotekarar, dei hjelper deg med å finne rett bok. Eller film, eller ein høveleg song eller eit dikt, til dømes til mor sin 70-årsdag - bibliotekaren hjelper deg med å finne orda som kan varme eit morshjarte. Berre i vårt bibliotek er det meir enn 52 000 bøker og filmar, det kan vere lurt å spørje om hjelp. Kanskje treng du å bestille noko frå eit av dei andre 1000 biblioteka i Norge? Bibliotekaren fiksar det.

Biblioteket er ditt. Bruk det!

Opningstider

Måndag 12 - 16
Tysdag 12 - 16
Onsdag STENGT
Torsdag 12 - 18
Fredag 12 - 15
Laurdag STENGT

 

Kontakt

Tlf: 70 04 55 20

E-post: post@folkebiblioteket.no